søndag 31. oktober 2010

Egg og karbonader

I dag er det 13. dag postoperativt og etterkvart skal eg gå over på mosa mat. Starta med eit blautkokt egg til frukost og det var godt. Første gongen eg har brukt eit kvarter på eit egg til frukost. Mett vart eg òg. Lunsjen bestod av havregraut med cottage cheese. Nydelig.
Til middag vart det ei halv karbonade og ei halv gulrot. Det var saker som satt. Trur det var den brune sausen som gjer til at eg kjemper med litt halsbrann no. Usj!
I morgon skal eg på vekta og det er litt spennande kva den viser.


1 kommentar:

Cecilie sa...

Du er flink! Stå på :)