tirsdag 14. september 2010

Litt aktivitet

I kveld har eg endeleg rørt litt på kroppen igjen og det kjendest godt. Har vore i bassenget og svømt dei vanlege 1500 meterane. Etter ein lang og fin periode med godvær er det no langvarig regnvær i vente og eg liker det ikkje. Meg og regn er dårleg kombinasjon. Liker ikkje å bevege meg ute for eg kan ikkje fordra å bli våt. Riktignok har eg gode regnkle, men været vert ikkje noko betre av det.
om mindre enn fem veker skjer det som eg ventar på og tankane mine er nok mest der enn andre stader. HAdde fårikål til middag i dag og neste veke vil eg ha meg ein raspekakemiddag før eg starter på nedtrappinga på kaloriinntak og øve meg på flytande føde i små slurkar. Tilvenning kan sikkert lønne seg. Eg vil nok ete knekkebrød og anna lett mat for det vert trass alt minst 14 dagar med flytande føde og etter det mosa mat før eg går over på tyggemat etterkvart.
Det går seg nok til.

Ingen kommentarer: