I dag er det tre veker att til eg får pinglemagen. Det er jammen rart og tenke på. Synst faktisk at tida går fort no. Om kveldane når eg legger meg med "snorke-maska" tenkjer eg på at den skal vekk om nokre månader. Når eg går forbi klesbutikkar kikker eg innom for og sjå om det er noko spennande eg liker og undrer meg på om det vil passe meg. Når eg kjenner smertene i ryggen lurer eg på om det vil bli mindre av dei, og når eg tek medisinen om morgonen lurer eg på om eg kan kutte ut eit par av tablettane om ei stund. Ja, det er mykje eg lurer på.
Når det gjeld sjølve inngrepet er eg ikkje det minste uroleg. Det er det andre som tek hand om. Eg skal berre ligge der. Då er eg meir spent på tida etterpå då det er opp til meg sjølv kor det skal gå. Det er spennande det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar