Etter late dagar har eg vore i bassenget i kveld og svømt 1500 meter. Hadde glømt svømmebrillene så eg ser ikkje klårt før i morgon. Var ikkje så mykje folk i bassenget i kveld så det var greit og svømme.
Ellers har eg fått e-post frå koordinatoren for overvektsopersjonane der han lovar og sjåvom det er mogleg og få opersjonen framskunda så eg ikkje kjem i konflikt med max-datoen på sjukmeldinga. !. november mister eg sjukepengaen fordi eg har vore sjukmeld og delvis sjukmeld i 52 veker. Om eg kunne får komme til tidlegare kan eg komme meg i arbeid før den datoen og behalde 70% løn og 30% midlertidig ufør. Håpet mitt er og komme tilbake til 100% friskmelding etterkvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar