torsdag 5. august 2010

Dagen i dag

Sommar opning i bassenget så eg var nede og bada mellom kl.16.00 og 17.00. Baska meg trøytt over 1500 meter i dag også.
Det har vore ein fin dag ute, men likevel har eg vore plaga av vondter både her og der. Høgre handledd har vore   umulig i dag så eg har måtta helde den i ro fram til smertestillande byrja og virke. Det er noko dritt.
Vi er snart ferdige med første veka i august og folk er snart ferdige med feriane sine og ein går inn i dei vanlege rutinane både i heimen og på jobb. Det har ikkje vore det beste været i sommar, men kanskje det kan verte ein fin haust? Håpar det.
Ellers så venter eg sjølvsagt på brev eller melding frå kir.avd. Førde sjukehus. Vel, dei har ferie der òg så det er berre å smørje seg med tolmod og putte is i magen.

Ingen kommentarer: