Som naturleg er går det ikkje ein dag utan at eg tenkjer på vektreduksjon og operasjonen som skal hjelpe meg med dette.
Har møtt mykje forståing og støtte etter at eg er meir open om det som skal skje. Men opplever og ein del skepsis og utsegn om at dette er for lettvint og at eg brukar av helsevesenet sine pengar til "kvikk fiks".
Sjølv veit eg kvifor eg har fått anbefalt operasjonen og er den ikkje naudsynt så hadde eg heller ikkje fått den. Men det er mykje uvitenheit om dette og folk vèl og trekke sine eigne konklusjonar og har difor sine eigne meiningar om dette.
Det skal dei jammen få ha. Eg bryr meg ikkje og seier berre at dette er eit val eg har teke fordi det er anbefalt. Går ikkje inn i diskusjonar om det i heile teke.
2 kommentarer:
Du er tøff, Helen :) eg støtter deg 100%
Takk, Cecilie.
Legg inn en kommentar