tirsdag 22. juni 2010

Ole På Haukeland

Det har ikkje vore skreve så mykje i bloggen dei siste dagane. Det er fordi eg er med Ole til Bergen der han no i to dagar har vore på hjarteavdelinga til undersøking. Det er mistanke om innsnevra blodårer rundt hjartet og er dette riktig skal han blokke desse ut og evnt. sette inn stent ("forskaling" som skal hindre att blodårane klappar sammen).
Nett no set eg i kafeterien og er forberedt på ein dag med venting. Har med handarbeid og kan kjøpe blader så tida går nok. Artig og tenke på at for vel 47 år sidan var mamma på kvinneklinikken her og eg såg dagens lys. Haha...eg er heime ein tur.
Om eg har trimma? Budde i fjerde etasje på hotellet og der var ikkje heis. Eit aldri så lite "mini-trappeløp" opp til flerie gonger for dag. Også har eg vandra ein del gatelangs i det fine været som har vore i byen. I dag e det noko grått, men det får ein tåle etter to vakre dagar.

Ingen kommentarer: