Sjølv om eg føler at eg er litt lei, så går eg på. Kva eg meiner med lei? Lei av heile tida og tenke på at eg må vere forsiktig med kva eg eter og at må ikkje slutte å mosjonere, for eg kan legge på meg att. Eg er veldig redd for å legge på meg og kan ikkje tilgje meg sjølv om noko slikt skal skje.
Eg vil berre gå ned så eg ikkje veger meir enn 60 kg. Men til tider virker det alldeles umulig.
Kjenner at eg er litt sliten psykisk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar