lørdag 27. juni 2009

Basseng-pers

I går, fredag 26 juni, var det igjen på tur i bassenget. Ingunn var med og vi svømte i 45-50 min. med berre nokre få pausar inni melleom.
1100 m vart det i går kveld og eg var godt fornøgd og på ein måte lukkeleg då eg sat på nattevakta og tenkte over kor bra det går med symjinga. Litt trist at dei stengjer nokre veker no for oppussing, men i midten av august er det på han igjen.
Det var den vekta eg lurte på. Men det går nedover. det er eg rimelig sikker på.

Ingen kommentarer: